Dekwaneh (arabisk دكوانة , Dikwene eller Dekweneh) er ein forstad nord for Beirut i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Folkesetnaden er hovudsakleg maronittiske kristne. Tel al-Zaatar, ein UNRWA-styrt palestinsk flyktningleir som huste 50 000-60 000 flyktningar og som var åstad for Tel al-Zaatar-massakren låg i utkanten av byen.
Arkeologi Dekwaneh I ligg kring 700 m nordvest for Mar Roucos-klosteret, i nokre raviner på vestsida av ein r ygg. Her vart det funne flintreiskap frå Acheuléen i tillegg til store mengder avfall frå midtre eldre steinalder som indikerer at det var ein fabrikk på den tida.
Dekwaneh II inneheld òg flintreiskapar frå Qaraoun-kulturen frå yngre steinalder med massive økser, hakker og skraper. Andre reiskapar frå yngre steinalder vart funne på staden.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dekwaneh» frå , den 23. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Libanonfjella guvernement Kategori:Matn distrikt Kategori:Den fruktbare halvmånen Kategori:Arkeologiske stader i Libanon Kategori:Busetnader i Libanon Kategori:Eldre steinalder