Brummana (arabisk برمانا) er ein by i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Han ligg aust for Beirut med utsyn over hovudstaden og Middelhavet.

Som dei fleste landsbyane i området har Brummana eit arameisk namn som truleg tyder huset til Rammana, guden for luft, uvêr og torevêr.

Klima Somrane er uvanleg tørre i Brummana og byrjar tidleg i mai og endar i midten av oktober. Sommartemperaturane går sjeldan over 30 ºC. Luftfukta om sommaren er i snitt 68 %. Vinteren er våt og mild med ein temperatur som varierer mellom 5 og 18 ºC, stundom med snøfall.

Demografi Brummana er heimstad til forskjellige religiøse grupper, sjølv om kristne, hovudsakleg gresk-ortodokse, utgjer 49% og maronittiske katolikkar utgjer 41%, medan drusarar er ein større minoritet. Mange arabiske turistar frå landa kring Persiabukta kjem hit om sommaren.

Det står ei særs gammal gresk-ortodokse kyrkje i Brummana. Kyrkja til profeten Cha'ya (Isaiah) var opphavleg ei austromersk festning som er kring 1 500 år gammal, men vart omgjort til ei kyrkje på 600-talet.

Turisme Brummana er ein av dei største turiststadane i Libanon om sommaren på grunn av det behagelege klimaet. Han ligg øvst på ein furukledd ås med flott utsyn over Beirut, Middelhavet og fjella i aust.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Broummana» frå , den 22. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Libanonfjella guvernement Kategori:Matn distrikt Kategori:Romerske koloniar Kategori:Busetnader i Libanon