London Symphony Orchestra, Vol. 1 er eit album frå 1983 av Frank Zappa. Det består av London Symphony Orchestra som spelar fire av Zappa sine komposisjonar— «Sad Jane», «Pedro's Dowry», «Envelopes» og «Mo 'n Herb's Vacation» — innspelt i januar 1983. Albumet var det tredje der Zappa brukte eit orkester, etter Lumpy Gravy i 1967 og Orchestral Favorites i 1979. I 1995 vart albumet gjeve ut i lag med etterfølgjaren, London Symphony Orchestra, Vol. 2 (1987), som London Symphony Orchestra Vol. 1 & 2. Det originale albumet vart endra i studio for å rette opp i utstemde og feilspelte tonar, i tillegg til å legge på litt klang på enkelte delar. Desse ekstra effektane vart fjerna for CD-utgåva i 1995.

Det store redigeringa var berre mogeleg fordi det vart nytta digital fleirsporsopptakar. Dette var eit av dei første digitale opptaka av eit orkester nokon sinne. Ved å spele orkesteret i grupper av instrument, kunne lydane på albumet høyrast i større detalj enn det som var mogeleg med tidlegare innspelingsteknikkar.

Innhald

Medverkande

Musikarar The London Symphony Orchestra dirigert av Kent Nagano David Ocker – klarinett Chad Wackerman – trommer Ed Mann – perkusjon

Produksjon Frank Zappa – produsent Mark Pinske – lydteknikar John Vince – plateomslag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «London Symphony Orchestra, Vol. I» frå , den 22. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Albumdetaljar

Kategori:Frank Zappa-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Barking Pumpkin Records-album