Andalusitt er eit grått, raudleg eller grønleg mineral som opptrer i mange hornfelsar og leirskifer, mellom anna i hornfelsar frå Oslofeltet. Andalusitt er eit aluminiumsilikat, Al2SiO5. Hardleiken er 7,5 og tettleiken 3,15 g/cm³. Det finnes to andre mineral som har den same kjemiske samansetjinga (polymorfi), men med heilt forskjellige eigenskapar: kyanitt og sillimanitt. Andalusitt krystalliserer i det rombiske systemet, kyanitt triklint, og sillimanitt igjen rombisk. Andalusitt opptrer i bergarter danna under lågt trykk, kyanitt og sillimanitt krev derimot høgt trykk, og opptrer derfor i bergarter som er danna på store djup, særleg i gneisar.Andalusitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 12. august 2014.
Mineralet blei kalla andalousite av Jean Claude Delamétehrie, som trudde det kom frå Andalusia. Det blei raskt tydeleg at dette var ei feilplassering, og at mineraldøma han studerte eigentleg kom frå El Cardoso de la Sierra i Guadalajara, ikkje Andalusia. Kjelder
Kategori:Aluminiummineral Kategori:Nesosilikat Kategori:Ortorombiske mineral