Polen debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark med songen «Coś mnie nosi», framført på polsk av Katarzyna Żurawik. Bidraga vart vald gjennom den nasjonale finalen Junior Eurosong. Landet deltok berre i 2003 og 2004. Fyrste gongen kom dei på siste plass med 3 poeng, og andre gongen kom dei på delt sisteplass med Latvia.
I 2016, etter å ha vore vekke frå tevlinga i tolv år, vendte Polen attende til Junior Eurovision Song Contest. Dei valde å gjennomføre ei nasjonal uttaking, og Olivia Wieczorek vart vald til å representere landet, med songen «Nie zapomnij».
Polen har vunnet Junior Eurovision Song Contest to gongar. I 2018, vann Polen tevlinga for fyrste gong med songen «Anyone I Want to Be», framført av Roksana Węgiel. I 2019, vart Polen det fyrste landet i Junior Eurovision Song Contest til å vinne to år på rad og til å vinne på heimebane, då Viki Gabor vann tevlinga med songen «Superhero».
Bidrag i Junior Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Plass Poeng 2003 Katarzyna Żurawik «Coś mnie nosi» Polsk 16 3 2004 KWADro «Łap życie» Polsk 17 3 2016 Olivia Wieczorek «Nie zapomnij» Polsk og engelsk 11 60 2017 Alicja Rega «Mój dom» Polsk 8 138 2018 Roksana Węgiel «Anyone I Want to Be» Polsk og engelsk 1 215 2019 Wiktoria Gabor «Superhero» Polsk og engelsk 1 278 2020 Ala Tracz «I'll Be Standing» Polsk og engelsk 9 90 2021 Sara Egwu-James «Somebody» Polsk og engelsk 2 218 2022 Laura Bączkiewicz «To the Moon» Polsk og engelsk 10 95
Røystehistorikk
+ Polen har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng 1 47 2 46 3 45 4 39
+ Polen har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng 1 44 2 36 3 35 5 32
Galleri
Junior Eurovision Song Contest i Polen År Stad Arena Programleiarar 2019 Gliwice Arena Gliwice Ida Nowakowska, Aleksander Sikora og Roksana Węgiel 2020 Warszawa Hovudkvarteret til TVP Ida Nowakowska-Herndon, Rafał Brzozowski og Małgorzata Tomaszewska
Sjå òg Polen i Eurovision Song Contest
Fotnotar
Kjelder Polen i Junior Eurovision Song Contest
Denne artikkelen bygger på «Polen i Junior Eurovision Song Contest» frå , den 21. desember 2018.
Kategori:Land i Junior Eurovision Song Contest