Svanbergitt er eit fargelaust, gult eller raudleg mineral. Det er eit fosfat og sulfat av strontium og aluminium, SrAl3(PO4)(SO4)(OH)6, med trigonal symmetri. I Sverige er det kjent frå Skåne og Värmland, i Noreg skildra frå ein flyttblokk i Nord-Odal og frå Bolna på Saltfjellet, saman med lasulitt.
Det vart først skildra etter ein førekomst i Varmland i Sverige i 1854 og kalla opp etter den svenske kjemikaren Lars Fredrik Svanberg (1805–1878).
Kjelder Svanbergitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/svanbergitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Fosfatmineral kategori:Sulfatmineral kategori:Strontiummineral