Stannitt eller stannin er eit stålgrått, metallisk mineral med formel Cu2FeSnS4. Det krystalliserer tetragonalt og finst ofte i saman med kassiteritt (tinnstein). Det kan ha lokal tyding til ei viss grad som tinnerts. Det er påvist i mikroskopiske mengder frå fleire norske malmførekomstar, mellom anna Bjørkåsen og Bleikvassli. Eit eldre namn på mineralet er tinnkis.
Mineralet vart først skildra i 1797 etter ein førekomst i Wheal Rock i St. Agnes i Cornwall i England.
Kjelder Stannitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/stannitt.
kategori:Koparmineral kategori:Jernmineral kategori:Tinnmineral kategori:Sulfidmineral kategori:Tetragonale mineral