Sepiolitt er eit magnesiumhaldig leirmineral med kjemisk formel Mg4Si6O15(OH)2·6H2O, eit sjiktgittersilikat med framtredande kjedestruktur. Det opptrer i massiv form som merskum. Det kan òg vere bestanddel av einskilde former for bergkork, bergtre og liknande.
Det vart først skildra i 1847 etter ein førekomst i Bettolino i Baldissero Canavese i provinsen Torino i Piemonte i Italia. Namnet kjem av likskapen til dei porøse beina til ein akkar frå det greske, sepion.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
kategori:Leirmineral kategori:Fylosilikat kategori:Magnesiummineral kategori:Ortorombiske mineral