Rhodonitt er eit rosenraudt til raudbrunt mineral som særleg finne sin i skarnførekomstar. Det er eit mangansilikat med noko kalsium (Mn,Ca)SiO3, strukturelt eit kjedesilikat (pyroksenoid). Det krystalliserer triklint. Mineralet vert nytta til prydgjenstandar, særleg i Russland.
Mineralet er sjeldan i Noreg, men er funne ved Klodeborg ved Arendal, Grua på Hadeland og i noko større mengder frå Botnedal i Telemark.
Kjelder Rhodonitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/rhodonitt.
kategori:Edelsteinar kategori:Manganmineral kategori:Jernmineral kategori:Magnesiummineral kategori:Kalsiummineral kategori:Pyroksengruppa kategori:Triklinske mineral