Pseudomalakitt er eit grønt mineral av kopar og fosfat, Cu5(PO4)2(OH)4. Det vert danna ved forvitring av koparertsar. Det liknar koparkarbonatet malakitt.
Typelokalitet er Virneberg-gruva i Rheinbreitbach i Westerwald i Rheinland-Pfalz i Tyskland. Dette er eit område der gruvedrift for kopar går attande til romersk tid, og som vart driven i periodar fram til 1872.
I Noreg er det funne på sprekker i kvartsitt i eit steinbrot ved Heddalsvann.
Kjelder Pseudomalakitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pseudomalakitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Fosfatmineral kategori:Koparmineral kategori:Monokline mineral