Petalitt eller kastoritt er eit feltspatliknande mineral som finst på granittpegmatittar, mellom anna i Sverige og Finland, men ikkje i Noreg. Det er eit litium-aluminiumsilikat, LiAlSi4O10, med monoklin symmetri.
Det vart oppdaga i 1800 på Utö i Haninge i Stockholm. Namnet kjem frå det greske ordet petalon, som tyder 'lauv'.
Kjelder Petalitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/petalitt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Litiummineral kategori:Tektosilikat kategori:Monokline mineral