Natrolitt er eit ganske utbreitt zeolittmineral. Det er fargelaust, kvitt eller raudleg.
Det fekk namnet natrolitt av Martin Heinrich Klaproth i 1803. Namnet kjem frå natron.
Det finst i Noreg mellom anna på kontaktførekomstane i Oslofeltet, i nefelinsyenittpegmatittar ved Langesundsfjorden i Vestfold, der dei ofte er som pseudomorfoser etter nefelin eller sodalitt (såkalla Spreustein).
Kjelder Natrolitt. (2012, 20. januar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/natrolitt.
Bakgrunnsstoff Mineralgalleri
kategori:Tektosilikat kategori:Natriummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Zeolittar kategori:Ortorombiske mineral