Kromitt er det viktigaste krommineralet og er metallisk med brunsvart farge. Det krystalliserer kubisk og har den kjemisk samansetjinga FeCr2O4. Mineralet finst særleg i peridotittar og serpentinittar, og er den einaste krommalmen.
Dei viktigaste produsentane er Sør-Afrika og Russland. Den årlege verdsproduksjonen er på ca 12 mill. tonn. Det finst fleire mindre førekomstar i Noreg, mellom anna ved Feragen austom Røros, der det tidlegare var ei ganske stor drift. Kromittmalmen vart sendt til Trondheim, der det var ein kromsaltfabrikk ved Leirfossen.
Kjelder Kromitt. (2012, 24. februar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kromitt.
Bakgrunnsstoff Minerals.net USGS info.
kategori:Krommineral kategori:Magnesiummineral kategori:Jernmineral kategori:Spinellgruppa kategori:Eldfaste material kategori:Kubiske mineral