Östliche Feuerstein er ein 3 268 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Grannetoppen Westliche Feuerstein er 3 245 moh. Dei to toppane er knytt til kvarandre med ei 400 meter lang egg. Begge Feuerstein-toppane er greie å nå frå fjellhusa Bremer Hütte og Nürnberger Hütte.

Den fyrste fjellturisten stod på vesttoppen den 14. september 1869. Det var historikaren Julius Ficker frå Innsbruck som hadde fylgje med fjellføraren Andrä Pfurtscheller.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Feuerstein (Stubaier Alpen)» frå , den 1. august 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Italia