Weißspitze er eit 3 300 meter over havet høgt fjell i Venediger-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Fjellet er omgjeve av isbreane Frosnitzkees i nordaust, av Äußeres Mullwitzkees i nordvest og Zettalunitzkees i vest, samt i sør av restane av Garaneberkees.

Brørne Emil og Otto Zsigmondy gjekk over Wallhorntörl og breen Garaneberkees då dei 8. september 1881 vart dei fyrste fjellturistane på Weißspitze, same dagen som dei gjekk vidare til den 3 451 meter over havet høge Hohe Zaun.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Weißspitze (Venedigergruppe)» frå , den 1. august 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike