Jamesonitt er eit metallisk mineral, ein blyhaldig spydglans. Det er relativt vanleg på visse hydrotermale kisførekomstar, men sjeldan i Noreg (Bindalen, Sulitjelma).

Det krystalliserer monoklint og har kjemisk formel Pb4FeSb6S14.

Det vart kalla opp etter den skotske mineralogen Robert Jameson (1774–1854). Det vart først identifisert i 1825 i Cornwall i England.Mindat Det er òg funne i Sør-Dakota og Arkansas i USA, Zacatecas i Mexico og i Romania.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Mineral galleries

kategori:Blymineral kategori:Jernmineral kategori:Svovelsaltmineral kategori:Monokline mineral