Große Muntanitz er eit 3 232 meter over havet høgt fjell i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjelltoppen, som er den høgste i det såkalla Granatspitz-massivet, ligg i luftlinje om lag ni kilometer nordvest for landsbyen Kals.
Arthur von Schmid og fjellføraren Thomas Groder nådde toppen, som dei fyrste menneska, den 2. september 1871.
Den merka normalruta frå fjellhuset Sudetendeutschen Hütte er under snøfrie og turre tilhøve rimeleg grei å gange.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Große Muntanitz» frå , den 30. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Tirol