Hawleyitt er eit gult mineral, ein kubisk form av kadmiumsulfid, CdS. Dei er danna i små mengder ved forvitring av sfaleritt (sinkblende) i kontaktførekomstar i Konnerudkollen i Oslofeltet.

Det vart oppdaga i 1955 i Hector-Calumet-gruva i Keno-Galena Hill i Yukon Territory og kalla opp etter mineralogen James Edwin Hawley (1897–1965).

Sjå òg greenockitt

Kjelder Hawleyitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

kategori:Kadmiummineral kategori:Sulfidmineral kategori:Kubiske mineral