Wilde Leck er ein 3 361 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjelltoppen reiser seg rett vest for isbreen Sulztalferner, rundt 5,5 kilometer nordaust for Sölden i Ötztal. Fjellet består av fast granitt.

Av toppane i Stubaialpane gjeld Wilde Leck for å vere eitt av dei vanskelegaste tindemåla. Enklaste turen går over isbre til ein når det faste berget. For å kome seg opp bergsidene til topps krev det at ein beherskar vanskegrad tre på den vanlegaste klatreskalaen.

Zacharias Grüner frå Sölden klatra, som fyrstemann, til topps på Wilde Leck i 1865.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wilde Leck» frå , den 29. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike