Pfaffenschneide er ein 3 498 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Toppen reiser seg tett vest for Zuckerhütl på hovudkammen i Stubaialpane, ved enden av ei om lag ein kilometer lang egg som strekker seg ut frå hovudkammen. I søraustleg retning frå toppen av Pfaffenschneide fell ein ikring 500 meter høg fjellvegg i opptil 40°, nordvestsida er bredekt og skråar i opp mot 60-70°.

Sommaren 1863 vart Ludwig Barth og Leopold Pfaundler dei fyrste menneska til å setje sine føter på toppen av Pfaffenschneide.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pfaffenschneide» frå , den 28. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Tirol