Ramolkogel er eit 3 549 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane i det austerrikske forbundslandet Tirol. Ramolkogel, som ligg på fjellryggen Ramolkamm, består av fleire fjelltoppar. Ved sidan av hovudtoppen er det Midtre Ramolkogel på 3 518 moh, Litle Ramolkogel på 3 339 moh og Nordre Ramolkogel på 3 427 moh.

Fjellklatraren Johann Jakob Weilenmann frå St. Gallen i Sveits vart fyrstemann til topps då han 10. juli 1862 åleine kleiv opp på fjellet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ramolkogel» frå , den 23. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Tirol