mini|Den uslipte diamanten mini|Dei ni største steinane etter delingane (ikkje i same skala) Cullinan-diamanten er den største diamanten i verda, funnen i januar 1905. Diamanten vart kjøpt av regjeringa til Transvaal for 150 000 pund og gjeve til Edvard VII av Storbritannia. Uslipt vog han ca 3100 karatar (vel 600 g). Cullinan-diamanten vart slipt til 9 større steinar og 96 små briljantar, og desse tilhøyrer no dei britiske kronjuvelane. Ca 66 % gjekk bort under slipinga.
Han er kalla opp etter direktøren for Premier Diamond Mine (Transvaal) Company, eigaren av gruvene der han vart funnen.
Den største polerte steinen vert kalla Cullinan I eller Great Star of Africa, og er på 530.4 karatOverview of the different Cullinan diamants. Han var den største polerte diamenten i verda fram til 1985 då Gullen Jubilee-diamanten vart funne på 545,67 karat, òg denne frå Premiergruva.
Kjelder Cullinan-diamanten. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/Cullinan-diamanten.
kategori:Diamant kategori:Dei britiske kronjuvelane kategori:Diamantar frå Sør-Afrika kategori:1905 i Sør-Afrika