MF «Ulvik», i dag MF «Herlaug», er ei bilferje levert frå Mellem & Karlsen i Bergen i mars 1973 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Skroget var levert frå Langesunds Industri A/S i Langesund.
Det meste av fartstida gjekk ho i sambandet Leirvik-Ranavik-Sunde.
I juni 2001 vart reiarlaget omdøypt HSD Sjø AS. Ferja vart selt i oktober 2003 til Namsos Trafikkselskap ASA i Namsos og ein månad seinare fekk ho namnet MF «Herlaug». 17. september 2009 vart ho overført til FosenNamsos Sjø AS i Trondheim/Namsos.
I 2014 var ferja framleis i fart.
Tidslinje 1973: Levert som MF «Ulvik» for Leirvik-Ranavik-Sunde 2003: Reserverferje i Kolvereid 2003: Omdøypt til MF «Herlaug» 2003: Gjermundshavn-Løfallstrand 2009: FosenNamsos sjø kjøpte ferja 2010: Reserveferje for Hufthamar-Krokeide 2012: Sett i rute i Husavik-Sandvikvåg 2016: Gjekk på grunn ved Husavik 2017: Forsette i ruta Husavik-Sandvikvåg 2018: Tatt ut av Husavik-Sandvikvåg.
Kjelder Skipet.no «Ulvik» på Fjordfähren (tysk)
Bakgrunnsstoff «Herlaug» på marinetraffic.com
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Namsos Trafikklag-eigde fartøy Kategori:FosenNamsos-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1973 Kategori:Skip bygde ved Mellem & Karlsen Kategori:1973 i Noreg