Bertranditt er eit fargelaust mineral, ofte danna som omvandlingsprodukt av beryll. Det er kjemisk eit hydroksylhaldig berylliumsilikat med formel Be4Si2O7(OH)2. I Noreg er bertranditt funne i små mengder fleire stader, til dømes i Iveland. Førekomstar i Utah i USA har økonomisk tyding som berylliumråstoff.
Mineralet er kalla opp etter Émile Bertrand (1844–1909), ein fransk mineralog og krystallograf, som forbetra polarisasjonsmikroskopet ved å konstruere bertrandokularet og bertrandlinsa.
Kjelder Bertranditt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/bertranditt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Berylliummineral kategori:Sorosilikat kategori:Ortorombiske mineral