«Gi meg en sebra!» er ein singel av Anita Hegerland, gitt ut i 1971. Songen er skriven av Carsten Klouman og Dag Frøland.
Melodi Grand Prix «Gi meg en sebra!» deltok i Melodi Grand Prix 1971, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1971 i Dublin i Irland. Songen blei framført på norsk av Anita Hegerland, og enda på fjerdeplass med 44 poeng. Hegerland var berre ni år då ho deltok i den norske finalen, og ho er den yngste artisten i tevlinga si historie. Reglane i dag krev at artistane må vere 16 år, og Hegerland vil derfor truleg halde fram som den yngste deltakaren nokon gong i Melodi Grand Prix.
Singel Anita Hegerland. Utgitt på singelen Nor-Disc 2107 021 i 1971. Arr.: Carsten Klouman.Anita Hegerland – Gi Meg En Zebra / Jeg Må Få Se Festus - Nor-Disc - Norway 2107 021
Fotnotar
Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Norske songar Kategori:Norskspråklege songar Kategori:Melodi Grand Prix 1971-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Anita Hegerland-songar Kategori:Songar skrivne av Carsten Klouman Kategori:Songar skrivne av Dag Frøland
no:Gi meg en zebra