Nils Ananiasson Tveit () var ein norsk gardbrukar, politikar og lokalhistorikar frå Os i Hordaland. Han var ordførar i Os frå 1916 til 1940 og på ny i 1945. I perioden 1945-49 var han stortingsrepresentant for Hordaland og partiet Venstre.

Tveit var son til ein gardbrukar. Etter å ha gått Nordhordland amtsskule vinteren 1890/91 arbeidde han ei tid som rosemålar, før han seinare livnærte seg som likningssekretær, tilsynsmann for Rikstrygdeverket og bankrevisor. I 1911 tok Tveit over farsgarden og dreiv denne til han døydde i 1949. I perioden 1940–47 var han fylkesforsyningssjef for Hordaland.

Tveit var ordførar i Os frå 1916 til 1940, og hadde sete i fylkestinget frå 1928 til -40. Valbolken 1932–34 var han leiar for fylkestinget, i tre andre valperiodar var han nestleiar. I 1940 vart han fjerna frå ordførarombodet av nazi-styresmaktene. Då verdskrigen var over vart han sett inn att i ordførarposten. Hausten 1945 vart han vald inn på Stortinget for Venstre. Han døydde heilt på tampen av fireårsperioden. I same perioden var Tveit med i Venstre sitt landsstyre.

Tveit var aktiv i Det frivillige skyttervesen i årevis, med tillitsverv både lokalt, regionalt og nasjonalt. Han fekk Norges skytterstyres fortenestemedalje i gull i 1925. Elles sysla han mykje med lokalhistorie og gav ut bygdeboka Os i tre band i tida 1932-41, Os privatbank 1888-1938 som kom til femtiårsjubileet for banken, samt Meieribruket i Hordaland (1949).

Kjelder

Norsk Allkunnebok, X. bandet. 1966

Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Folk frå Os i Hordaland