Kielkanalen (tysk Nord-Ostsee-Kanal) er ein skipskanal som bind saman Austersjøen ved Kiel med Elben ved Brunsbüttel i Ditmarsken. Med 34 879 skipspassasjerar (2012) er han verdas mest trafikkerte kanal.

Kanalen gjev ei enklare rute mellom Austersjøen og Nordsjøen, eit fartøy sparer 280 nautiske mil (519 kilometer) sammenlikna med å runda Jylland. I dag har kanalen ei fri seglingshøgd på 40 meter og tillèt skip med breidder på opptil 32,5 meter og djupner på 9,5 meter.

Historie mini|venstre|Frå opninga av den utvida Kielkanalen i 1914. Keisaren og familiemedlemmer passerer gjennom kanalen. mini|venstre|Utsikt over Kielkanalen mot sørvest frå salongen i cruiseskipet «Norwegian Dream».

Kanalen blei laga for å erstatta Eiderkanalen, som ikkje hadde kapasitet til å handtera den stadig aukende dampskiptrafikken. Arbeidet byrja i 1887 under regjeringa til keisar Vilhelm I, og blei innvigd 21. juni 1895 av sonesonen hans, Vilhelm II. Kanalen var opphavleg 67 meter brei og 9 meter djup, men i perioden 1907–1914 bleu han utvida til 102 meters breidd og 11 meters djupne.

Fram til 1948 blei kanalen kalla Kaiser-Wilhelm-Kanal, men etter andre verdskrigen fekk han det meir nøytrale namnet «Nord-Ostsee-Kanal», forkorta NOK av tysk sjøfart. På andre språk bruker ein ofte namnet «Kielkanalen» etter hamna i den nord-austlege enden av kanalen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kielkanalen» frå , den 26. juni 2014.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (engelsk) «Kiel-Canal Transit In 9 Minutes» , film av UNITED CANAL AGENCY. Film om eit konteinerskip som går gjennom kanalen.

Kielkanalen Kategori:Kanalar i Tyskland Kategori:Transport i Schleswig-Holstein Kategori:Skipskanalar