Kari Diesen (), fødd Kari Heide-Steen, var ein norsk skodespelar frå Oslo. Ho vart særleg kjend for sine roller i revyar og filmar.
Foreldra hennar, Harald Steen og Signe Heide-Steen, var begge skodespelarar. Sjølv fekk ho tidleg barneroller på teatera i hovudstaden. Frå 1930-talet var ho ein populær aktør gjennom sine mange komiske figurar på revyscenene Chat Noir og Edderkoppen, der ho vekselvis var tilsett fram til 1964. På 1950- og 1960-talet spelte ho i mange filmar, mest kjend er ho for filmane Støv på hjernen, Sønner av Norge og Sønner av Norge kjøper bil.
I 1957 fekk Diesen stor suksess med songen «Hovedøen» av Vilhelm Dybwad, utgitt på His Master's Voice.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kari Diesen» frå , den 24. juni 2014.
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Oslo