Kyiv oblast (ukrainsk Київська область Kyjivska oblast ) er ein provins (oblast) i den nordlege delen av Ukraina. Oblastet har ei flatevidd på 28 100 km² og kring 1 795 000 innbyggjarar (2022). Administrasjonen har sete i byen Kyiv, sjølv om Kyiv er ei sjølvstendig administrativ eining. I oblastet er det 25 kommunar (rajon). Dei største elvene er Dnepr, Ros og Pripjat.

Tsjernobyl ligg i den nordlege delen av oblastet. Som ei etterverknad av Tsjernobylulukka ved atomkraftverket der er mykje av dei nordlege områda radioaktivt forureina.

Byar i Kiev oblast Bila Tserkva Berezan Boryspil Brovary Butsja Vasylkiv Irpin Perejaslav Prypjat (forlaten) Rzjysjtsjiv Slavutytsj Fastiv

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Oblast i Ukraina Kategori:Skipingar i 1932