mini|Harold Raeburn til høgre framme under Everest-ekspedisjonen i 1921
Harold Andrew Raeburn () var ein britisk-skotsk fjellklatrar og bryggar, fødd og død i Edinburgh.
Raeburn, som var ungkar heile livet, klatra mange ruter på Ben Nevis åra 1896-1901. Frå 1902 klatra han i både Alpane og i Noreg. I juli 1903 var han mellom dei fyrste kjende bestigarane av Sætretindane og Grøtdalstindane i Sunnmørsalpane. Somrane 1913 og 1914 var han med på ekspedsisjonar som nådde toppen av fire av dei største fjella i Kaukasus. I 1920 var han med ein ekspedisjon til Kantjendjunga, og året etter leia han eit klatrelag som undersøkte tilhøve for å bestige Mount Everest. Her vart han alvorleg sjuk og leid av dårleg helse til han døydde.
Attåt fjellkliving dreiv Raeburn med seglsport og var ein framifrå ornitolog.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Harold Raeburn» frå , den 22. juni 2014.
Kategori:Britiske fjellklatrarar Kategori:Skotske fjellklatrarar