Hilderaldo Luiz Bellini () var ein brasiliansk fotballspelar som vart verdsmeister i 1958 og 1962. I Brasil vert han rekna som ein av dei aller mest solide midtstopparane.
mini|venstre|Verdsmeistrane Brasil, 29. juni 1958, med Bellini som nummer fire frå venstre i bakre rekke med VM-pokalen i hendene
Bellini spelte for klubben Vasco da Gama åra 1952-61, deretter for São Paulo FC frå 1962 til 1967 og avslutta karrieren hos Atlético Paranaense. I 1958 var han kaptein på det brasilianske landslaget som vann den fyrste VM-tittelen for heimlandet. Fire år seinare vart han verdsmeister på ny, og han deltok også i fotball-VM 1966. Perioden 1957-66 spelte Bellini 51 landskampar for Brasil, utan å skåre eitt einaste landslagsmål.
Han vart heidra med ein statue ved inngangen til fotballstadion Maracanã, som viser han løfte eit trofé.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hideraldo Bellini» frå , den 14. juni 2014.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1958 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966