Leonid Mikhailovitsj Sjtsjerbakov (russisk: Леонид Михайлович Щербаков), (), var ein sovjetisk friidrettsutøvar. Han vart europameister i tresteghopp både i 1950 og 1954, medan han i 1952 tok sølvmedaljen i dei olympiske sommarleikane. Den 178 cm høge og 73 kg tunge Sjtsjerbakov var medlem av Dynamo Moskva.

Aktiv Sjtsjerbakov vart nummer to i tresteg i den sovjetiske friidretts-meisterskapen 1948. Året etter vann han tresteg-tevlinga i den nasjonale meisterskapen, men måtte i 1950 sjå seg slått av Boris Sambrimborz. Frå 1951 til 1956 vann Sjtsjerbakov seks meistertitlar på rad, i 1957 vart han på ny nummer to, den gongen overgått av Oleg Rjakovskij.

Under friidretts-EM i Brussel 1950 vann Sjtsjerbalov ein suveren siger i tresteg-gropa. Han presterte 15,39 meter og slo nestemann, finske Valdemar Rautio med over 40 centimeter. To år seinare, under dei olympiske leikane i Helsingfors tok Sjtsjerbakov sølvmedaljen etter å ha flytta europarekorden sin med 28 cm, til sterke 15,98 meter, men brasilianaren Adhemar da Silva vart olympisk meister etter å ha forbetra verdsrekorden to gongar i finalen, fyrst til 16,12 meter og så til 16,22 m.

Den 19. juli 1953 i Moskva sette Sjtsjerbakov verdsrekord i tresteghopp med 16,23 meter, ein centimeter over den gamle. I friidretts-EM 1954 i Bern forsvarte han europameister-tittelen på suverent vis. Med 15,90 meter låg han langt føre sølvvinnaren, svensken Roger Norman, som fekk notert 15,17 m i sluttprotokollen.

I mars 1955 tok Ferreira tilbake verdsrekorden med eit hopp på 16,56 meter. Sjtsjerbakov forbetra sin personlege rekord til 16,46 m under eit stemne den 4. juli 1956, hans tiande sovjetrekord og sjuande europarekord. Under sommar-OL i Melbourne i 1956 hoppa han 15,80 meter og vart nummer seks, Ferreira vann då sitt andre OL-gull.

Etter han la opp som aktiv, arbeidde Sjtsjerbakov som trenar. Mellom anna trena han kubanaren Pedro Pérez, ein ung kar som i 1971 sette verdsrekord i tresteg med 17,40 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1950 i Brussel: Gullmedalje – 15,39 m, framom Valdemar Rautio (14,96 m) OL 1952 i Helsingfors: Sølvmedalje – 15,80 m, bakom Adhemar da Silva (16,22 m) EM 1954 i Bern: Gullmedalje - 15,90 m, framom Roger Norman (15,17 m) OL 1956 i Melbourne: Nr 6 – 15,80 m

Kjelder sports-reference World Athletics

Kategori:Sovjetiske tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956