Abu al-Duhur (arabisk أبو الظهور; Abu al-Ẓuhur eller Abu al-Thuhur) er ein by nordvest i Syria i utkanten av Den syriske ørkenen og ein del av Idlib guvernement, som ligg 45 kilometer søraust for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein Tell Sultan og Tell Kalbah i nordvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Abu al-Thuhur eit folketal på 10 694 i 2004. Han er eit senter for ein nahiyah («underdistrikt») med 26 stader og eit samla folketal på 38 869 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement.
Det ligg ein militær flyplass i Abu al-Thuhur.Heller, s. 310. Under den syriske borgarkrigen som starta i 2011, omleira opprørarar frå Den frie syriske armeen basen i september 2012. På grunn av dette kunne ikkje styresmaktene bruke flybasen.Rebels attack syrisk military airport, say shot down jet . Reuters. 2012-09-05.Chivers, C.J. Rebels Make Gains in Blunting Syrian Air Attacks. The New York Times. 2012-09-26.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Abu al-Duhur» frå , den 12. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i Idlib-distriktet