mini|180px|Ray White utanfor konserten til Zappa Plays Zappa i Antwerpen.
Ray White er ein afroamerikansk vokalist og gitarist, mest kjend som medlem av bandet til Frank Zappa. Han vart med i bandet til Zappa hausten 1976 og spelte rytmegitar og song, mellom anna mykje harmonivokal med Ike Willis på seinare turnear i 1980 og 1984. Ein kan høyre vokalen til White på Zappa in New York (mars 1978), You Are What You Is (sept. 1981) og andre plater. White er òg med i The Torture Never Stops og Does Humor Belong in Music?, konsertfilmar. I følgje Zappa var White, som var djupt religiøs, ukomfortabel med det atestisiske synet til somme av dei andre bandmedlemmane, noko som førte til at han slutta.
White har òg spelt i jam-orienterte grupper som KVHW, Don't Push the Clown og Umphrey's McGee, og har i nyare tid spelt med forskjellige artistar frå Michigan, mellom anna tidlegare Rare Earth-trommeslagaren Bob Weaver, og medlemmar av funk/fusion-bandet Generic Produce.
Sommaren 2007 vart Ray White med Dweezil Zappa som spesiell gjesteartist for Zappa Plays Zappa.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ray White» frå , den 12. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff United Mutations Project Object
Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske songarar