Al-Dana (arabisk الدانا) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, nord for Idlib, 38 kilometer vest for Aleppo, og like aust for grensa til Tyrkia. Av stader i nærleiken finn ein Sarmada i sørvest, Tell al-Karamah i sør, Atarib i søraust, Turmanin i nordaust, Salwah i nord og Qah i nordvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Dana eit folketal på 14 208 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Byen er òg det administrative senteret i al-Dana nahiyah som består av tretten landsbyar med eit samla folketal på 60 058. Al-Dana vart kjend for indigofargestoffindustrien som sidan har forsvunne.Balfour-Paul, 2012, s. 99.
Historie Al-Dana er identifisert som den arameiske byen «Adennu» eller «Adinnu».Lipinsky, s. 259.Yamada, s. 154. Adennu var den første arameiske byen som vart erobra av assyrarane under felttoget til Shalmaneser III mot Syria i 853 fvt. Byen vart erobra utan motstand.
Som ein del av dei såkalla Daudebyane har al-Dana og området rundt fleire ruinar frå antikken, datert til 200- og 300-talet fvt. Ein godt bevart romersk pyramideforma grav, laga av gul stein og utførlege utskjeringar, ligg nord for sentrum av den moderne byen.Darke, 2010, s. 160. Ein romersk port og dørforheng til fleire andre romerske byggverk er òg bevart.Buckingham, s. 573.
Seint på 1000-talet vart al-Dana og nærliggande Sarmada plyndra av krossfararane.Davis, s. 334. I 1220-åra vitja den syrisk geografen Yaqut al-Hamawi al-Dana og noterte at han låg i sida av Libanonfjella nær Aleppo i al-'Awasim-området. Han skildra landsbyen som ein «særs gammal stad» i nærleiken av ein «stor plattform, vid som ein hesteløpsbane, skoren inn i åssida, firkanta og flat. I senteret låg ein kuppel med ei grav under.»le Strange, 1890, s. 436.
Midt på 1800-talet vitja al-Dana av den engelske turisten James Silk Buckingham som skreiv at landsbyen vart bygd i åssida av ei klippe i midten av ei sletta. Dei fleste husa vart bygd frå ruinar av eldre strukturar og Buckingham meinte å kunne sjå at al-Dana tidlegare hadde vore ein viktig busetnad. Kring 500 muslimar budde i landsbyen og heldt gudstenester i ein liten moské, med ein minaret og seks kuplar.Buckingham, s. 574.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Al-Dana, Syria» frå , den 10. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Harem-distriktet Kategori:Daudebyane Kategori:Byar i Syria