Shkodran Mustafi () er ein tysk tidlegare fotballspelar som i 2014 vart verdsmeister med Tyskland. Midtstopparen gjorde i tida 2012-23 teneste for fotballklubbar i Italia, Spania, England og ei kort tid i Tyskland.

Karriere Klubbspel Mustafi debuterte i italienske Serie A våren 2012 for Sampdoria. Etter to sesongar med det spanske La Liga-laget Valencia CF, vart han i august 2016 overført til engelske Arsenal FC mot, etter seiande, 41 millionar euro. London-klubben tok seg til fleire finalar i perioden, utan Mustafi fekk med seg ein einaste. Vårsesongen 2021 spelte han for tyske Schalke 04, ein sesong som enda med nedrykk. Sesongane 2021-23 fekk Mustafi heller lite speletid i spanske UD Levante, og la opp.

Landslagsspel Mustafi fekk landslagsdebuten sin for Tyskland i mai 2014. Under verdsmeisterskapen i Brasil deltok han i tre av kampane for det tyske mannskapet som enda opp som vinnar av turneringa. I 2016 var han med i to av kampane i europameisterskapen, sist som innbytar då Tyskland tapte semifinalen mot Frankrike. 8. oktober 2017 spelte han sin 20. og siste landskamp. Han skåra 2 landslagsmål, det fyrste i EM-kampen mot Ukraina 12. juni 2016.

Merittar Verdsmeister: 2014 for Tyskland

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Shkodran Mustafi» frå , den 2. august 2026.

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Sampdoria-spelarar Kategori:Valencia-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Schalke-spelarar Kategori:Levante-spelarar