Fillmore East – June 1971 er eit konsertalbum av The Mothers, som kom ut i 1971. Det er det 12. albumet i diskografien til Frank Zappa og vart produsert av Zappa og miksa av Toby Foster.

Historie mini|venstre|upright|Frank Zappa i Fillmore East, 5. juni 1971, under innspelinga av albumet. Fillmore East – June 1971 var eit live konsept-aktig album. Det var ein snik-kikk bak teppet til eit rockeband på turné fortalt av Frank Zappa og inneheld mange tematiske element som på grunn av tid og mange på pengar ikkje kunne takast med i den liknande filmen 200 Motels. Den mest kjende delen av albumet er «The Mud Shark», ei soge fortalt til Don Preston av somme medlemmar av Vanilla Fudge om eit hteoll, Edgewater Inn i Seattle, der gjestene kunne fiske frå romma sine. I soga vert ein pigghå (mud shark på engelsk) fanga av ein av karane i Vanilla Fudge eller scenearbeidarane deira, og i lag med ein groupie og eit filmkamera, utartar det heile seg. Sjølv om det ikkje vert fortalt i «The Mud Shark», omfatta denne hendinga frå 1969 òg Led Zeppelin-trommeslagaren John Bonham og turnemanageren deira Richard Cole, medan Vanilla Fudge-songaren Mark Stein styrte kameraet.

Frank og the Mothers skildrar så stereotype, egoistiske rockemusikarar som «forhandlar» med ein groupie og venene hennar om ein kjapp «tur i høyet». Jentene vert fornærma fordi bandet trur dei er groupiar og at dei vil ligge med bandet berre fordi dei er musikarar. Dei har ein viss standard, og vil berre ligge med ein fyr i ei gruppe med ein «stor hitsingel på listene» og som er «velutrusta». I «Bwana Dik» forsikrar songaren Howard Kaylan jentene om at han er utstyrt meir enn deira «villaste Clearasil-dekte fantasiar» kan tenkje seg. Og for å sikre at dei følgjer standarden til desse jentene, syng bandet Turtles (som Kaylan, Volman og Pons hadde vore medlem i) sin hit «Happy Together». Albumet endar med eit ekstranummera «Peaches en Regalia» og «Tears Began to Fall».

Då albumet kom ut på CD av Rykodisc, vart «Willie the Pimp, Pt. 2» fjerna frå sporlista. Denne var attende på CD i ei nyutgjeving i 2012. På CD-utgåva vart òg det siste minuttet av «Latex Solar Beef» plassert i byrjinga av «Willie The Pimp Part One», slik at denne vart lenger. Det er uklårt om dette vart gjort med vilje eller ikkje. Release details

Som eit ekstranummer på ein av dei to konsertane i Fillmore East dukka John Lennon og Yoko Ono opp for å spele ein halvtime med bandet. Denne delen av showet vart gjeven ut under Lennon sitt namn på ei plate kalla Live Jam, inkludert som ei bonusplate med Lennon-albumet Some Time in New York City. Dette kan ein òg høyre på Zappa-plata Playground Psychotics frå 1992.

Innhald

Medverkande Frank Zappa – gitar, dialog, vokal Aynsley Dunbar – trommer Ian Underwood – treblåseinstrument, klaverinstrument, vokal Howard Kaylan – solovokal, dialog Jim Pons – bass, vokal, dialog Bob Harris - klaverinstrument, vokal Mark Volman – solovokal, dialog Don Preston – Mini-Moog

Produksjon Produsent: Frank Zappa Lydteknikar: Barry Keene Miksing: Toby Foster Mastering: Toby Foster Plateomslag: Cal Schenkel

Salslister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1971Pop Albums38

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fillmore East – June 1971» frå , den 4. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekst og informasjon Utgjevingsdetaljar

Kategori:Konsertalbum frå Fillmore East Kategori:Frank Zappa-konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1971 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Bizarre Records-album Kategori:Album produserte av Frank Zappa