Burnt Weeny Sandwich er eit album av The Mothers of Invention som kom ut i 1970. Det består både av musikk spelt inn i studio og konsertopptak. I motsetnad til Weasels Ripped My Flesh, som hovudsakleg er live og song-orientert, fokuserer det meste av Burnt Weeny Sandwich på studioopptak og tett arrangerte komposisjonar.

Albumet inneheldt ein stor svartkvit plakat ("The Mothers Of Invention Sincerely Regret To Inform You») som ikkje er blitt produsert på ny for CD-utgjevingane. Fram til Zappa Family Trust-utgjevinga av albumet i 2012, mangla CD-utgåvene ein del av byrjinga av «The Little House I Used to Live In» som var med på den originale LP-utgåva.

Tittel Den uvanlege tittelen på albumet sa Zappa seinare kom frå ein snack han åt på den tida, som bestod av ein brend hotdog-sandwich frå Hebrew National med majones.

Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh vart gjeve ut på ny i lag som 2 Originals of the Mothers of Invention, med dei originale plateomslaga nytta som venstre- og høgresida av brettutomslaget. Framsida synte ein pistol som skaut ut tannpasta på ein tannkost.

Bakgrunn Albumet var i røynda ei 'posthum' Mothers-utgjeving, som vart gjeven ut etter at Frank Zappa hadde løyst opp bandet., Extract of page 133

Ian Underwood medverkar mykje på albumet. Dette albumet, og Weasels Ripped My Flesh, består av musikk frå kvelvet til the Mothers av songar som ikkje var gjeve ut før. Der Weasels hovudsakleg består av konsertopptak, er det meste av Burnt Weeny Sandwich studioopptak og strukturerte Zappa-komposisjonar, som hovudverket på albumet, «The Little House I Used to Live In», som består av fleire satsar og nyttar taktartar som 11/8 med ein melodi oppå i 10/8.

Gitarsoloen på «Theme from Burnt Weeny Sandwich» er eit opptak for ein unytta, lengre versjon av «Lonely Little Girl» frå innspelinga av We're Only in It for the Money i 1967. Zappa og Art Tripp la seinare på perkusjon for denne utgåva.

«Valarie» var opphavleg meint for singel, i lag med «My Guitar Wants to Kill Your Mama». Men anten Zappa sjølv, eller selskapet hans Reprise Records, avlyste utgjevinga og han kom ut på albumet i stadenfor.

«Igor's Boogie» er ein referanse til ein av dei store inspirasjonskjeldene til Zappa, komponisten Igor Stravinsky.

Cal Schenkel har fortalt at det unike omslaget for Burnt Weeny Sandwich opphavleg var bestilt som eit omslag for ei utgjeving av Eric Dolphy.

Pianointroduksjonen på «The Little House I Used to Live in» finst på Yvar Mikhashoff si 4 CD-samling Yvar Mikhashoff's Panorama of American Piano Music.

Innhald

Medverkande Frank Zappa – orgel, gitar, vokal Jimmy Carl Black – perkusjon, trommer Roy Estrada – bass, dialogvokal, Pachuco rap på «WPLJ» Janet Ferguson – dialogvokal på «WPLJ» Bunk Gardner – horn, treblåseinstrument Buzz Gardner - trompet Billy Mundi - trommer (ikkje oppført, slutta i gruppa i desember 1967) Lowell George – gitar, vokal Don «Sugarcane» Harris – fiolin på «The Little House I Used to Live In» Don Preston – bass, piano, klaverinstrument Jim Sherwood – gitar, vokal, blåseinstrument Art Tripp – trommer, perkusjon Ian Underwood – gitar, piano, klaverinstrument, blåseinstrument

Produksjon Produsent: Frank Zappa Lydteknikar: Dick Kunc Arrangør: Frank Zappa Design: John Williams Plateomslag: Cal Schenkel

Salslister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1970Pop Albums94

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Burnt Weeny Sandwich» frå , den 1. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Frank Zappa-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Reprise Records-album Kategori:The Mothers of Invention-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Bizarre Records-album Kategori:Album produserte av Frank Zappa