Mothermania (1969), med undertittelen The Best of the Mothers, er eit samlealbum av The Mothers of Invention. Songane var henta frå Freak Out!, Absolutely Free og We're Only in It for the Money, men består av unike miksar og redigeringar som var gjort spesifikt for dette samlealbumet.
Bakgrunn
Etter kontrakten til The Mothers of Invention med MGM og Verve Records gjekk ut, forhandla Frank Zappa og Herb Cohen og danna eit halvvegs sjølvstendig plateselskap kalla Bizarre Records, medan Verve skulle få gje ut tre Bizarre-utgjevingar distribuert av MGM: eit nytt Mothers of Invention-album, Cruising with Ruben & the Jets og samlealbumet Mothermania, i tillegg til eit album av Sandy Hurvitz, Sandy's Album is Here at Last. Mothermania vart førebudd for å hente inn at pengar Verve følte dei hadde tapt på å finansiere Mothers of Invention-albuma Freak Out!, Absolutely Free og We're Only in It for the Money. Frank Zappa førebudde masterbanda for utgjevinga, miksa og sette songane saman, og oversåg innpakkinga. Samlealbumet bestod av unike versjon av songane som var samla saman for utgjevinga, inkludert ein usensurert versjon av «Mother People», som tidlegare var komen ut på We're Only in It for the Money i ein sensurert versjon, og ein radikalt annleis miks av «The Idiot Bastard Son».
Utgjeving og ettermæle
Mothermania vart gjeven ut kort tid før utgjevinga av det femte Mothers of Invention-albumet Uncle Meat, noko Frank Zappa meinte vart gjort med vilje av Verve. Zappa ville så ikkje vite av samlealbumet etter det kom ut. Allmusic-meldar William Ruhlmann skildra samlealbumet som «overfødig», og gav det tre av fem stjerner. Verve gav sidan ut fleire samlealbum, utan at Zappa var involvert.
Albumet var utilgjengeleg i lang tid, men har sidan blitt offisielt gjeve ut på ny for digital nedlasting sidan 2009 og på CD i 2012.
Innhald
Medverkande Frank Zappa – gitar, dirigent, piano, vokal Jimmy Carl Black – perkusjon, trommer Roy Estrada – bass, vokal Bunk Gardner – blåseinstrument Don Preston – bass, klaverinstrument Euclid James Sherwood – gitar, vokal, blåseinstrument Art Tripp Ian Underwood
Produksjon Produsentar: Frank Zappa, Tom Wilson Lydteknikarsjef: Val Valentin Lydteknikar: Ami Hadani, Tom Hidley, Gary Kelgren og Dick Kunc. Arrangør: Frank Zappa Plateomslag: Cal Schenkel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mothermania» frå , den 31. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 1969 Kategori:Frank Zappa-samlealbum Kategori:The Mothers of Invention-album Kategori:Verve Records-album Kategori:Bizarre Records-album