Al-Hamraa (arabisk الحمراء, òg skrive al-Hamra) er ein landsby nordvest i Syria i Hama guvernement, nordaust for Hama. Av stader i nærleiken finn ein Jubb al-Othman i nordaust, Abu al-Thuhur i nord, Fan al-Shamali i vest, Maar Shahhur i sørvest, Salamiyah i sør og Sabburah i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Hamraa eit folketal på 1 783 i 2004. Han er det administrative senteret og nest største stad i al-Hamraa nahiyah («underdistrikt») som består av 44 stader med eit samla folketal på 32 604 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement.
I 1838 vart al-Hamraa klassifisert som ein khirba («mildertidig landsby») i distriktet Salamiyah.Smith, 1841, s. 178. Han ligg nær palasset Qasr ibn Wardan.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Al-Hamraa» frå , den 21. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Hama-distriktet Kategori:Byar i Syria