Selevkidriket (gresk: Σελεύκεια, Seleύkeia) var eit gresk-makedonsk hellenistisk rike som vart oppretta av Selevkos I Nikator i kjølvatnet av fragmenteringa av det veldige riket til Aleksander den store då han døydde.Jones, Kenneth Raymond (2006): Provincial reactions to Roman imperialism: the aftermath of the Jewish revolt, A.D. 66-70, Parts 66-70. University of California, Berkeley. ISBN 0-542-82473-6, 9780542824739. s. 174. Sitat: «... and the Greeks, or at least the Greco-Macedonian Seleucid Empire, replace the Persians as the Easterners.»Baskin, Judith R.; Seeskin, Kenneth (2010): The Cambridge Guide to Jewish History, Religion, and Culture. Cambridge University Press. ISBN 0-521-68974-0, 9780521689748. s. 37. Sitat: «The wars between the two most prominent Greek dynasties, the Ptolemies of Egypt and the Seleucids of Syria, unalterably change the history of the land of Israel…As a result the land of Israel became part of the empire of the Syrian Greek Seleucids.» Hærføraren Selevkos sin del vart Babylonia, og derfrå utvida han territoriet sitt til å omfatte det meste av dei austlege områda til Aleksander i Asia. På høgda av makta til riket omfatta det sentrale Anatolia, Levanten, Mesopotamia, Iran, Afghanistan, Turkmenistan, Pamirfjella og dagens Pakistan. Det var over 30 kongar i Selevkiddynastiet frå 323 f.Kr. til 60 f.Kr.
Selevkidriket var eit viktig senter for hellenistisk kultur som opprettheldt greske skikkar og der ein gresk-makedonsk politisk elite og overklasse dominerte i byområda.Glubb, John Bagot (1967): Syria, Lebanon, Jordan. Thames & Hudson. OCLC 585939. s. 34. Sitat: «In addition to the court and the army, Syrian cities were full of Greek businessmen, many of them pure Greeks from Greece. The senior posts in the civil service were also held by Greeks. Although the Ptolemies and the Seleucids were perpetual rivals, both dynasties were Greek and ruled by means of Greek officials and Greek soldiers. Both governments made great efforts to attract immigrants from Greece, thereby adding yet another racial element to the population.»Steven C. Hause, William S. Maltby (2004): Western civilization: a history of European society. Thomson Wadsworth. ISBN 0-534-62164-3, 9780534621643. s. 76. Sitat: «The Greco-Macedonian Elite. The Seleucids respected the cultural and religious sensibilities of their subjects but preferred to rely on Greek or Macedonian soldiers and administrators for the day-to-day business of governing. The Greek population of the cities, reinforced until the second century BCE by emigration from Greece, formed a dominant, although not especially cohesive, elite.» Den greske folkesetnaden i byane vart danna av den herskande eliten som vart forsterka av innvandring frå Hellas. Ekspansjonen til Selevkidriket inn i Anatolia og Hellas vart brått bremsa opp etter eit avgjerande nederlag for den romerske hæren. Forsøka deira på å slå den gamle fienden sin, Egypt under ptolemearane, vart forstyrra av romarane. Mange av dei austlege delane av riket vart erobra av Partia under Mitridates på 100-talet f.Kr., men selevkidane fortsette å styre ein gjenverande bit i Syria inntil dette området vart invadert av den armenske kongen Tigranes den store. Den endelege nedkjempinga deira av Romarriket var ved hærføraren Pompeius på 60-talet f.Kr.
Historie Delinga av riket til Aleksander
mini|venstre|Mynt prega av Seleukos I Nikator. Aleksander erobra Persarriket under akamenidekongen Dareios III (336 –330 f.Kr.) innanfor eit kort tidsrom. Han døydde ung i 323 f.Kr., berre 32 år gammal, og etterlét seg eit veldig rike utan ein vaksen arving. Riket vart underlagt styret til regenten Perdikkas, og vart så fordelt mellom generalane til Aleksander under fordelinga i Babylon same året. Dei fekk dermed status som satrapar i kvart sitt område.
Selevkos får meir makt Generalane til Aleksander, diadokane, byrja å stridast om overherredømmet over dei ulike delane av riket. Ptolemaios I Soter, ein tidlegare general og satrap i Egypt, var den første som utfordra det nye systemet. Det førte til at då den aldrande Perdikkas døydde i 321/320 f.Kr. førte Ptolemaios-opprøret til at det vart skipa eit nytt møte, fordelinga ved Triparadeisos. Selevkos hadde vore øvstkommanderande under Perdikkas sidan 323 f.Kr., men han hadde vore med på å drepe han. Selevkos fekk Babylonia, og frå det tidspunktet byrja han å utvide områda sine naudelaust. Han etablerte seg i Babylon i 312 f.Kr., og dette året har vorte nytta som datoen for skipinga av Selevkidriket . Han styrte ikkje berre over Babylonia, men over heile den veldige, austlege delen av riket til Aleksander:
«Alltid liggjande på lur mot nabonasjonane, sterk i krigsmakt og overtalande i rådsforsamlingar, overtok han [Selevkos] Mesopotamia, Armenia, Selevkid-Kappadokia, Persis, Partia, Baktria, Arabia, Tapouria, Sogdia, Arakosia, Hyrkania, og andre tilstøytande folk som hadde vorte underkasta av Aleksander, så langt som til elva Indus, slik at grensene til riket hans var det mest omfattande i Asia etter det til Aleksander. Heile regionen frå Frygia til Indus var underlagd Selevkos.»Appian: History of Rome, The Syrian Wars 55 — Appian, Dei syriske krigane
Selevkos drog så langt av stad som til India, der han etter to år med krig nådde ei semje med den indiske herskaren Chandragupta Maurya. I byte mot dei austlege områda sine fekk han ein stor styrke av 500 krigselefantar som kom til å spele ei avgjerande rolle i slaget ved Ipsos i 301 f.Kr.
«Indarane okkuperte delvis ein del av landområda som låg langs Indus, som tidlegare hadde tilhøyrt persarane: Aleksander [...] hadde etablert eigne busetjingar der. Men Selevkos I Nikator gav dei til Sandrokottos [Chandragupta Maurya] som resultat av ein ekteskapskontrakt, og mottok tilbake fem hundre elefantar.»Strabon, si.edu/cgi-bin/ptext?doc=Perseus%3Atext%3A1999.01.0239&query=head%3D%23120 15.2.1(9) —Strabon, Geografika
Ekspansjon vestover 400px|mini|Kongedømet til diadokane, ca. 303 f.Kr.. Som følgje av sigeren over Antigonos I Monofthalmos i det avgjerande slaget ved Ipsos i 301 f.Kr., saman med Lysimakhos, kunne Selevkos ta kontroll over austlege Anatolia og nordlege Syria.
I det sistnemnde området grunnla han ein ny hovudstad, Antiokia ved Orontes, ein by kalla opp etter faren hans. Ein alternativ by vart etablert i Seleukia ved Tigris i Mesopotamia, nord for Babylon. Hans tidlegare allierte Lysimakhos vart slått i slaget ved Korupedion i 281 f.Kr., og Selevkos kontrollerte no heile det vestlege Anatolia. Han håpte òg å ta kontroll over riket til Lysimakhos i Europa, hovudsakleg Trakia og sjølv Makedonia, men vart drepen av Ptolemaios Keraunos då han gjekk i land på det europeiske fastlandet.
Sonen og etterfølgjaren hans, Antiokos I Soter, vart etterlaten eit veldig rike som bestod av bortimot alle dei austlege delane av Aleksander sitt tidlegare rike, men han stod overfor Antigonos II Gonatas i Makedonia og Ptolemaios II Filadelfos i Egypt. Han viste seg ikkje i stand til halde fram den pågåande erobringa til faren i dei europeiske delane av riket til Aleksander.
Eit omfattande og altfor utstrekt rike mini|I Baktria utropte satrapen Diodotos sjølvstende og oppretta det gresk-baktriske ca. 245 f.Kr. mini|Selevkidriket rundt 200 f.Kr. (før ekspansjonen inn i Anatolia og Hellas). Sjølv før Selevkos døydde var det vanskeleg å oppretthalde kontroll over dei særs store avstandane i dei austlege områda av Selevkidriket . Selevkos invaderte Punjab i 305 f.Kr. og konfronterte Chandragupta Maurya (Sandrokottos), grunnleggjaren av Mauryariket. Plinius den eldre hevda at Chandragupta stilte opp med ein hær på 600 000 soldatar og 9000 krigselefantar.Plinius den eldre: Naturalis Historia, VI, 22.4 Dagens historikarar bekrefter at Chandragupta mottok det store landområdet vest for Indus, forsegla i ei avtale, inkludert Hindu Kush, dagens Afghanistan og provinsen Balutsjistan i dagens Pakistan.Smith, Vincent A. (1972): Asoka. Asian Educational Service sin. ISBN 81-206-1303-1.Clark, Walter Eugene (1919): «The Importance of Hellenism from the Point of View of Indic-Philology» i: Classical Philology 14 (4): 297–313. doi:10.1086/360246. Konkrete arkeologiske teikn på at Mauryariket styrte kan ein til dømes sjå i forordningar frå Ashoka så langt vest som i Kandahar i sørlege Afghanistan.
Ein utbreidd teori er at Chandragupta vart gift med dotter til Selevkos, eller i det minste ei makedonsk prinsesse, for å formalisere ein allianse med Selevkos.Kachroo, Vijay (2000): Ancient India, Har Anand Publications, s. 196Darlington, Cyril Dean (1969): The Evolution of Man and Society, Allen & Unwin, s. 223Tarn, W. W. (1940): «Two Note sin on Seleucid History: 1. Seleucus' 500 Elephants, 2. Tarmita» i: Journal of Hellenic Studie sin 60: 84–94. doi:10.2307/626263. JSTOR 626263. I tillegg til denne avtala sende Selevkos ein ambassadør, Megasthenes, til Chandragupta, og seinare Deimakos til sonen til den indiske kongen Bindusara, ved det indiske hoffet ved Pataliputra (dagens by Patna i den indiske delstaten Bihar). Megasthenes skreiv seinare detaljert om India og kongedømet til Chandragupta som har vorte delvis bevart for ettertida via Diodorus Siculus. Seinare skal òg Ptolemaios II Filadelfos, herskaren av Det ptolemeiske kongedømet i Egypt og ein samtidig av Asjoka den store, ha sendt ein ambassadør ved namn Dionysios til hoffet i Mauryariket.Plinius den eldre: Naturalis Historia, kapittel 21
Andre område som gjekk tapt før Selevkos døydde var Gedrosia i den søraustlege delen av Det iranske høglandet, og nord for dette Arakosia på vestbreidda av elva Indus.
Antiokos I Soter (styrte 281–261 f.Kr.) og sonen hans Antiokos II Theos (styrte 261–246 f.Kr.) møtte utfordringar i vest, mellom anna gjentekne krigar med Ptolemaios II av Egypt og ein keltisk invasjon av Anatolia. Det tok merksemda frå å halde på dei austlege provinsane av riket. Mot slutten av Antiokos II sitt styre hadde ulike provinsar lausrive seg, blant anna Baktria under Diodotos I, Partia under Arsakes og Kappadokia under Ariarathes III.
mini|venstre|Kart over Anatolia. mini|Sølvmynt prega av Antiokos III den store.
På den tida då Selevkos II Kallinikos, son av Antiokos II Theos, kom på trona ein gong rundt 246 f.Kr., verker det som om selevkidherskarane hadde hamna i ein openberr tilbakegang. Selevkos II vart snart dramatisk slått i den tredje syriske krigen mot Ptolemaios III av Egypt, og måtte deretter utkjempe ein borgarkrig mot sin eigen bror Antiokos Hierax. Baktria og Partia greip høvet då selevkidkongen var oppteken på anna hald med å rive seg laus frå riket. I Anatolia synest kongen òg å miste kontrollen. Eit invaderande keltisktalande folk hadde strøymt inn frå Europa og etablerte seg hovudsakleg i Galatia, i eit område som har fått namn etter dei, og andre delvis hellenistiske kongedøme danna seg i Bitynia, Pontos og Kappadokia, og den mektige greske byen Pergamon på austkysten av Egearhavet sikra seg òg sjølvstende under Attaliddynastiet.
Diodotos, som var guvernør for det baktriske området, gjorde seg uavhengig ein gong rundt 245 f.Kr., sjølv om den nøyaktige datoen er langt frå sikker. Han danna det gresk-baktriske kongedømet. Dette riket var prega av ein rik hellenistisk kultur, og heldt fram å dominere Baktria fram til rundt 125 f.Kr. då riket vart velta av invaderande nordlege nomadar. Ein av dei gresk-baktriske kongane, Demetrios I av Baktria, invaderte India ein gong rundt 180 f.Kr. og oppretta Det indo-greske kongedømet som kom til å vare fram til rundt år 20.
Satrapen til Selevkidriket i Partia, Andragoras, reiv seg laus og utropte området sjølvstendig, parallelt med det baktriske nabolandet.Farrokh, Kaveh (2007): Shadows in the Desert: Ancient Persia at War, Osprey Publishing, s. 119ff Kort tid etter, i tida rundt 238 f.Kr., invaderte ein stammehøvding frå Partia ved namn Arsakes det nordlege området. Han oppretta sitt eige herskardynasti som skulle veksa til det mektige partiske riket.