mini|Nedre Vøiens Bomuldsspinderi ved Akerselva er den eldste bygningen midt i bilete. Det nye bygget til venstre er eit påbygg frå 1986. mini|Ved Vøyenfallene med Graahs spinneri, Hjula veveri og Tugthusets klesstampe. Bilete av amatørfotografen Hans Emil Erichsen frå 1866. Nedre Vøiens Bomuldsspinderi eller Vøiens Bomuldsspinderi er ei tidlegare tekstilverksemd i Sagveien 21 på Sagene i Oslo. Verksemda kom i gang etter initiativ av Knud Graah og svogeren Niels O. Young i 1846.Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 626, ISBN 978-82-573-1760-7 To år tidlegare hadde dei kjøpt fallrettane i Akerselva på Nedre Vøyen gard og i 1845 stod den toetasjes fabrikkbygninga klar. Spinneriet produserte tråd og stoff.

Graah hadde vore i Manchester og andre plassar for å gjere seg kjend med industrien. Fabrikken vart bygd med teknologi og ekspertar frå England.Knud Graah & Co A/S frå Norsk Museumsnettverk for industrihistorie

Den første tida hadde spinneriet 70 til 80 tilsette som arbeidde ved spinnemaskinane. Maskinane vart drivne av kraft frå eit vasshjul som tilhøyrde Akers Mekaniske Verksted.

I 1859 brann spinneriet ned og ei ny bygning etter teikningar av Oluf Nicolai Roll vart bygd. Det er den fabrikken som framleis står på staden. I 1895 kjøpte spinneriet opp fallrettane i den nederste delen av Vøyenfallene, kalla Våghalsen. Det blei ført opp fleire bygningar her.

Verksemda skifta eigarform og vart gjort om til aksjeselskap i 1906 under namnet A/S Knud Graah & Co. I 1919 vart spinneriverksemda skilt ut i eiga selskap under det gamle namnet Vøyens Bomuldsspinderi, men spinneriet gjekk dårleg og vart nedlagd fire år seinare. Knud Graah & Co. held fram som veveri og i 1946 gjekk det inn i selskapet TEFAS saman med mellom anna Hjula Veveri. Produksjonen vart flytta til ein ny fabrikk på Frysja. Selskapet gjekk konkurs etter nokre år; i 1955.

Fabrikkbygninga i Sagveien blei rehabilitert i 1980 ved arkitekt Sigvart Pran.

Industrianlegget er kommunalt verna som kulturminne. I tillegg til sjølve fabrikkbygninga består kulturminnet av Spinnerimeisterboligen i Sagveien 21 og nybygget med adresse Mølleparken 6.

Kjelder

Kategori:Norske industriselskap Kategori:Skipingar i 1846 Kategori:Tidlegare føretak i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Akerselva Kategori:1846 i Noreg