Hama-massakren i 1981 skjedde, i følgje ein rapport, etter eit mislukka åtak av ein væpna islamistgerilja ved eit kontrollpunkt nær ein alawittisk landsby nær Hama.Middle East Watch. Syria Unmasked: The Suppression of Human Rights by the Assad Regime. New Haven: Yale UP, 1991, s. 17-18. Som ein hemnaksjon vart grupper av dei syriske spesialstyrkane og den 47. brigaden sett ut i Hama og dei gjekk frå hus til hus og blokkerte nabolag etter kvart som det braut ut gatekampar. Det vart ilagt portforbod og syriske soldatar gjekk inn i byen. Mellom torsdag 23. april 1981 og sundag 26. april 1981 avretta tryggingsstyrkar minst 350 innbyggjarar i byen og skadde meir enn 600, med tilfeldig utvalde menn og gutar som var over 14 år gamle.Carré, Olivier and Gérard Michaud. Les Frères musulmans : Egypte et Syrie (1928–1982). Paris: Gallimard, 1983: s. 148-151.
Sjå òg Hama-massakren i 1982
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «1982 Hama massacre» frå , den 15. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konfliktar i 1981 Kategori:Massemord i 1981 Kategori:1981 i Syria Kategori:Hama Kategori:Massakrar i Syria Kategori:Politisk undertrykking i Syria