Any Day Now er det åttande studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut i mai 1973, men selde dårleg. «The Me I Never Knew» vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet med opningssporet frå The Moviegoer, «This Way Mary», som B-sida. Albumet var òg det siste studioalbumet Walker gav ut på Philips Records og han skreiv sidan kontrakt med CBS Records (no Columbia).

Tilgjenge Any Day Now er vanskeleg å få tak i, sidan ein trur Walker var misnøgd med albuma sine frå denne perioden, som han i dokumentaren Scott Walker: 30 Century Man kallar «villmarksåra». Walker har stogga alle CD-utgjevingar av Any Day Now, Scott: Scott Walker Sings Songs from his TV Series (1969) og The Moviegoer (1972).

Trass i at albumet er sletta frå katalogen, er kring halvparten av songane gjevne ut på samleplatene The Collection og Classics & Collectibles (2005). «The Me I Never Knew», «We Could Be Flying», «Do I Love You?», «When You Get Right Down to It», «Cowboy» og «All My Love's Laughter» finst på Classics & Collectibles, medan «Any Day Now» finst på The Collection. «If Ships Were Made To Sail» finst på ei samling av songar skrivne av Jimmy Webb kalla "And Someone Left The Cake Out In The Rain (1998). «Maria Bethania», «If» og «Ain't No Sunshine» er aldri gjevne ut på nytt.

Mottaking

Som med dei andre platene til Walker i 1970-åra, fekk Any Day Now dårleg kritikk då ho kom ut, men har sidan vorte sett i eit meir positivt lys.

Innhald

Medverkande Scott Walker - vokal Peter Knight - arrangement, dirigent Robert Cornford - arrangement, dirigent på spor A4, A6, B1, B5 John Franz - produsent Peter J. Olliff - lydteknikar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Any Day Now (Scott Walker album)» frå , den 3. mai 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Scott Walker-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Philips Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Johnny Franz