MS «Halsnøy», i dag MS «Sagafjord», var ein rutebåt bygt i 1957 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD).
Skipet vart levert i mars 1957 og gjekk i Kvinnheradsruta, som var den raskaste vegen frå Kvinnherad til Os og Bergen, fram til 1981.
I 1981 vart skipet selt og omdøypt «Strilborg». Odfjell Drilling kjøpte skipet i desember 1983 og bygde ho om til moderskip for mini-ubåtar. Skipet fekk då namnet «Deepsea Inspector». I 1987 vart skipet selt til Stavanger og fekk namnet «Party», men alt året etter gjekk skipet vidare til Danmark, der det fekk namnet MS «Sagafjord». I 1994 vart det ombygd og vert i dag nytta som restaurantskip.
Kjelder Skipet.no
Bakgrunnsstoff Videoklipp av skipet frå Kvinnheradsruta i 1980.
Kategori:Norske lokalrutebåtar Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1957 Kategori:Skip bygde ved Holmens verft Kategori:1957 i Noreg Kategori:Samferdsle i Kvinnherad