Johan Samuelsen () var ein norsk skomakar, fagforeinigsleiar og politikar for Det norske Arbeidarparti og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.
Liv og virke Samuelsen var fødd og oppvoksen på garden Mula i dåverande Naustdal, i dag i Førde, som far hans åtte og dreiv. 15 år gammal reiste han til Bergen og var skomakarsvein i tre år. Han arbeidde som skomakar til 1918, sidan var han sekretær ved det lolale LO-kontoret. Frå 1920 til han døydde var han tilsett ved folkeregisteret i Bergen.Vilhelm Haffner: Stortinget og statsrådet 1915–1945, bind 1, Oslo 1949, side 620–621.
Etter å ha vorte fagforeingsmedlem i 1903 var han aktiv i fyrste rekke frå 1905. Perioden 1905-09 var han formann for foreininga til skotøyarbeidarane og deltok såleis på fleire landsmøte. Han var formann for Bergen Arbeidarparti 1911-13 og medlem av bystyret i Bergen 1910-19, 1922-25 og 1928-37.
Samuelsen representerte valkrinsen Kalfaret på Stortinget 1913-15 og krinsen Nygaard i bolken 1916-18, i begge høva vald inn for Arbeidarpartiet. Ved splittinga av Arbeidarpartiet i 1921 braut han ut og vart med i det nye sosialdemokratiske arbeidarpartiet.Kaare Fostervoll: Norges sosialdemokratiske arbeidarparti 1921–1927, Oslo 1969. Han var fyrstekandidat til Stortinget for sosialdemokratane i Bergen både i 1921 og 1924, men fekk begge gongane for få røyster til å verte vald. Derimot vart han stortingsrepresentant att då dei to partia gjekk saman i 1927. Gjennom stadige attval hadde han sete på Stortinget frå 1928 til han døydde i 1943. Dei to første periodane var han medlem av næringskomiteen og dei fire siste av helsekomiteen, som han leia frå 1939.
Han var medlem av fleire statlege utval, så som luksusskattkommisjonen av 1917, arbeidarkommisjonen av 1918 og lønskommisjonen av 1919.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Folk frå Førde Kategori:Folk frå Bergen