Emil André Erstad () er ein norsk politikar, vald som leiar i KrFU frå 20. oktober 2013. Han kjem frå Manger i Radøy kommune. Frå 2012 var han 1. nestleiar i ungdomspartiet og fylkesleiar i Hordaland KrFU. Han har studert samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han arbeidde i Tankesmien Agenda frå 2015 til 2019. I 2019 fekk han stillinga som kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité.
I 2016 gav han ut boka Farvel, Syria på Det Norske Samlaget.
Erstad starta ein underskriftsaksjon for å få den sosiale nettstaden Facebook på nynorsk. I april 2014 vart Erstad vald inn i styret i Noregs Mållag. Han har ogso markert seg som ein talsmann for eit breiare KrF, og har mellom anna tatt til orde for å invitere muslimar inn i partiet og sagt at han vil gå i homoparadar. Han har ogso utfordra moderpartiet til å gå inn for ekteskap og adopsjon for homofile, noko som skapte debatt i januar 2014.
Som friidrettsutøvar i tenåra for FIL AKS-77 vart hans personlege rekord på 800 meter på 1.55,18. Erstad gjekk på toppidrettslinja ved Tertnes vidaregåande skule frå 2007 til 2010. Han var ein periode Noregs beste 16-åring gjennom alle tider på 600 meter. Her presterte han 1.23,07 i 2007.Emil Andre Erstad sletta ein 37 år gamal aldersrekord i Stordleikane, Kondis.no Denne aldersrekorden har seinare blitt sletta. Erstad tok fleire gullmedaljar i ungdoms-NM.
Erstad var vinnar av radioprogrammet Påskelabyrinten i 2019.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Leiarar i KrFU Kategori:KrF-politikarar i Hordaland Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Folk frå Radøy Kategori:Folk frå Bergen