Ghabsletta (arabisk سهل الغاب) er ei frodig slette nordvest i Syria.Federal Research Division, 2004, s. 74. Dalen vart oversymd i fleire hundreår av vatn frå Orontes, som gjorde sletta til eit sumpområde.Sofer, 1999, s. 205.South, Coleman. Syria. Tarrytown, N.Y.: Marshall Cavendish Benchmark, 2006. Print. Ghabprosjektet vart sett i gang i 1950-åra for å drenere dalen og gjere han habitabel og dyrkbar.de Miranda, 2007, s. 267. Dette gav Syria eit område på med kunstig vatna jordbruksland.Salman, 2009, s. 28.
Dalen skil al-Ansariyahfjella i vest frå Zawiyahfjella og platået aust i regionen. Dalen er 63 km lang og 12,1 km brei.
Ghabprosjektet Prosjektet starta i 1953 og vert rekna som eit av dei viktigaste hydrologiske prosjekta nord i Syria. På grunn av ei slak helling (0,10 %) i Orontes i området kring Asharnah, gav ikkje elva nok vatn til dei kringliggande områda. Prosjektet drenerte sletta Orontes strøymde over og vart heilt drenert i 1968 og gav 11 000 familiar nytt jordbruksland.
Ghabprosjektet gjorde at store område kunne dyrkast opp og det vart utvikla eit nytt irrigasjonssystem. Systemet omfatta demningar og kanalnettverk for drenering. Store demningar vart bygde i Mhardeh, Zayzun, Qarqur og andre landsbyar. Dammen ved Mhardeh, bygd i 1961, er 40 meter høg og 200 meter lang og held 65 mill. kubikkmeter vatn. Zeyzoundammen, bygd i 1996, var 32 meter høg og heldt 71 mill. kubikkmeter vatn. Han kollapsa i juni 2002 og 22 menneske mista livet og eit 80 kvadratkilometer stort landområde vart fløymd nedanfor demninga.
Andre fordelar med Ghabprosjektet er utbetringar i kommunikasjonssystema gjennom bygging av vegar og jernbane, som tidlegare ikkje var mogeleg på grunn av myrområda. I tillegg vart det langt mindre malaria sidan det var langt mindre stilleståande vatn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Al-Ghab plain» frå , den 31. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Sletter i Syria Kategori:Hama guvernement Kategori:Idlib guvernement