mini|Portrett av ei kvinne med blomar. Tilhøyrer Nasjonalbiblioteket. Johan von der Fehr () var ein norsk daguerreotypist og fotograf. Han arbeidde òg som målarmeister, dyrka frukt, var gartnar og gardbrukar.
I 1853 starta han som daguerreotypist i Bergen for ei kort tid, men kom att igjen i starten av 1860-åra. I ein periode dreiv han atelieret Brødr.Larms atelier saman med sonen Johan.
Frå 1898 budde von der Fehr i Norheimsund og levde som gardbrukar og fotograf fram til han døydde.
Fotografia etter Johan von der Fehr finst mellom anna hos Voss folkemuseum, Vevelstad historielag, Oslo Bymuseum, Norsk folkemuseum og i arkivet etter Den Nationale Scene i Bergen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske fotografar Kategori:Folk frå Askøy