Wilhelm Lauritz Wetlesen () var ein norsk målar og teiknar frå Sandefjord.
Liv og gjerning mini|venstre|Moder hekler, 1890 mini|Hæren stanar, frå Soga om Harald Hardråde, 1899 mini|venstre|Erling kringsette huset til Ossur og brende han inne, frå Soga om Magnus Erlingsson, 1899
Wetlesen voks opp i Sandefjord, der faren var manufaktur-kjøpmann. Sjølv studerte han på byrjinga av 1890-talet ved Kristian Zahrtmann sin målarskule i København, seinare var han ei kort tid ved målarskulen til Erik Werenskiold og Eilif Peterssen i Kristiania. I desse tidlege år stod har måleri som Moder hekler frå 1890, Søsken (1892) og Sandar kirke frå 1895.
Mellom 1895 og 1900 budde Wetlesen i lengre periodar i Italia. Hovudverket frå Italia-perioden er måleriet Utenfor paradismuren frå 1898, eit bilete som viser tre oppstilte, nakne figurar; ein engel med venger og Adam og Eva med bladkransar om hoftene. Verket er inspirert av både realismen og ungrenessansen i ein såkalla dansk-florentinsk stil.
Wetlesen bidrog med teikningar til den illustrerte folke- og praktutgåva av Heimskringla som kom ut på norsk i 1899. Illustrasjonene til det prestisjetunge verket vart opphavleg fordelt mellom målarane Christian Krohg, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Erik Werenskiold, seinare kom også Halfdan Egedius til. Då Egedius døydde i februar 1899, overtok Wetlesen. Han laga i alt 43 teikningar til boka, forma i Werenskiolds «norrøne» stil, illustrasjonar som har mindre særpreg enn dei som kom frå dei andre bidragsytarane.
I lag med Hans Ødegaard i Kunsthistorisk forening tok Wetlesen initiativet til å danne Kunstnerforbundet i 1910, eit galleri i Oslo som sidan den tid har arrangert kunstutstillingar og formidla sal. Wetlesen var elles fyrste direktøren for Kunstnerforbundet. På jubileumsutstillinga på Frogner i Oslo i 1914 stilte Wetlesen ut mange arbeid. Dei lyse, stemningsfulle måleria av norske landskap som han måla då og seinare vitnar om påverknad frå både naturalismen i Norden og impresjonismen i Frankrike.
Wetlesen døydde i hovudstaden, 53 år gammal. Han er representert i Nasjonalgalleriet i Oslo.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Wetlesen» frå , den 24. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Sandefjord